Hjerteskjell

Utan løn i fleire månadar

Fleire av dei tolv skjelplukkarane som arbeidar for William Holden i Bremanger, har ikkje fått løn på to månadar. Mange av dei har ikkje arbeids- og opphaldsløyve i Norge, skriv Fjordenes Tidende.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Skjelplukkarar arbeidar utan arbeids- og opphaldstilatelse og har ikkje fått løn på fleire månadar.
No er arbeidarane også kasta ut av Havly pensjonat fordi William Holden ikkje har betalte for dei, slik det var avtalt. Magne Elde, som driv pensjonatet meiner behandlinga av arbeidarane er uverdig.

Til Fjordenes Tidende seier portugisiske Humberto Pereira at William Holden skuldar han pengar for to månadar. Han seier også at skjelplukkinga var hans ide, og at Holden og han eigentleg skulle vere partnarar.

Politiet har kontrollerte dei utanlandske arbeidarane som plukkar skjel for William Holden. Fem av tolv arbeidarar mangla arbeids- og opphaldstillatelse og det er Holden sitt ansvar å ha det i orden. Holden vil bli anmeldt for å ha brukt arbeidarar utan løyve.