Marit Bærøe

Utdanninga i fare

Medan sjømateksporten aukar og havbruksnæringa tenar pengar som aldri før, går søkartala til fiskerifagleg utdanning rett nedover og utdanningstilboda forsvinn. Men no ønskjer FHL å sette fokus på problemet og regionsjef Marit Bærøe i Nord Norsk havbrukslag inviterar til samarbeid.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Søkartala til fiskerifagleg utdanning er sterkt redusert dei siste åra og akvakulturlinjer både på vidaregåande og høgskulenivå er lagt ned. Dette skjer på same tid som det vert stilt krav om kompetanse og erfaring til dei fleste ledige stillingar i havbruksnæringa. Treng kompetanse Etter at Finko vart lagt ned av førre regjering har det vore gjort lite på nasjonalt nivå for å sikre rekrutteringa til næringa. På oppdrag frå Fiskeri- og havbrusksnæringens landsforeining har difor Sintef gjennomført ei kartlegging av kompetansebehovet. Resultatet viser at næringa så langt i hovudsak er fornøgd med tilgangen på kvalifisert arbeidskraft, men i Nordland, Troms og Finnmark er ikkje situasjonen så bra som i andre fylker. Det vert også framheva at dersom oppdrett av nye marine artar skal utvikle seg slik ein ventar, må ein rekruttere meir folk med ein annan kompetanse enn det som finst i næringa i dag. Fokus på kvalitet og fiskehelse I undersøkinga kjem det også fram at bedriftene er opptatt av å få tak i folk med kompetanse på alle nivå i næringa og at det er nødvendig med gode utdanningstilbod som sikrar ein kvalifisert rekrutteringsbase. Krav frå kundane gjer at det espesielt er behov for folk med høg kompetanse i stillingar knytt til kvalitet og fiskehelse. Dei fleste bedriftene har eit samarbeid med vidaregåande skular, høgskular eller opplæringskontor langs kysten. Det kjem også fram i undersøkinga at det er fleire opdrettsselskap som har etablert sine eigne "skular" tilpassa kompetansebehovet i bedrifta. FHL er bekymra Sjølv om mange bedrifter så langt får dekka sitt behov for kompetanse, har låge søkjartal medverka til fleire utdanningstilbod er lagt ned, noko som på sikt vil får store konsekvensar for næringa. FHL havbruk er bekymra for situasjonen og Bærøe inviterar no vidaregåande skular i Nord Noreg til samarbeid for å diskutere situasjonen. Nord Norsk havbrukslag skal også diskutere rekruttering på neste fagmøte som vert arrangert i Svolvær i slutten av Mai.