Nilsen, Stig

Utfordrar forskingsmiljøa om ILA

Tromsø: Stig Nilsen i Lerøy Aurora vil ha meir fart i arbeidet med å finne ut korleis ILA-viruset smittar. -Forskingsmiljøa må snakke meir saman, dei er jo ikkje ein gong einige om korleis prøvane skal analyserast, seier Nilsen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Diskusjonen rundt ILA og om viruset spreier seg vertikalt eller horisontalt vart som fleire gongar tidlegare eit heitt tema då Nordnorsk havbrukslag hadde medlemsmøtet denne veka. Dei ulike forskingsinstitusjonane blir ikkje einige, og spørsmålet som ein del stiller seg er om dette er fremmande, eller om det er hemmande i høve til målet om ein gong for alle å finne ut kva som skal til for å hindre spreiing av viruset. Ulike utgangspunkt Stig Nilsen i Lerøy Aurora påpeika i diskusjonen som oppsto at det snart var på tide å komme vidare og finne løysingar på kva næringa må gjere for å hindre utbreiing av sjukdomen. -Dei to forskingsmiljøa har ulike utgangspunkt og det er med å auke kompetansen og gi meir kunnskap, men når det gjeld ILA så syner historia at vi står på same staden som vi har gjort i fem år. No må vi omorganisere og styre framdrifta, slik det er no brukar vi altfor mykje ressursar i breidda, seier Stig Nilsen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Vil ha FHL på bana Nilsen meinar dei to forskingsmiljøa har stoppa opp og at dei ikkje klarer å komme med gode råd til næringa. -Konflikta mellom forskingsmiljøa resulterar i at næringa står fast i høve til å komme med operative tiltak utanom full utslakting. Dei to miljøa har ikkje ein gong klart å bli einige om korleis ein skal analysere prøvane, så eg trur at vi er i ein situasjon der forskingsmidlane ikkje vert nytta på ein god nok måte, seier Nilsen og framhevar at FHL no må vere ein pådrivar i høve til å få eit spissa fokus og finne ut kva retning vi skal gå i. -Vi er einige i at det er næringa sitt ansvar å oppretthalde fokus på miljøsida med knallharde rutinar for hindre horisontal smitte, men slik regelverket er no er det med å hindre oss i å jobbe med problemstillingar knytt til vertikal smitte. No må vi kunne forlange at ein tek eit felles tak for å finne ein arbeidsveg for å komme vidare, seier Nilsen. Ser ei opning Nilsen ser likevel ei opning for problema med utgangspunkt i seniorrådgjevar i Mattilsynet Paul Negaard si uttaling til deltakarane på medlemsmøtet om at myndigheitene vil kunne opne for andre måtar å handtere situasjonen med ILA på etter at forskrifta vert endra i 2008. Historisk oversikt Vidar Asphaug i Patogen Analyse gav deltakarane på medlemsmøtet ein gjennomgang av kva som har skjedd sidan sjukdomen første gang vart påvist i Noreg i 1984 og fram til i dag. I framstillinga samanstilte han også professor Are Nylund ved Universitetet i Bergen og Vitskapskomiteen sine syn på korleis ILA-viruset smittar. Les den som PDF