Øystein Steiro

Utfordringa er undermarknadsføring

Tromsø: Konsernsjef Øystein Steiro i Codfarmers hadde sterkt fokus på marknaden i sitt innlegg på torskefiskkonferansen i Tromsø sist veke. I fylgje Steiro er utfordringane framover undermarknadsføring og ikkje overproduksjon.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Konsernsjefen påpeikar at vi aldri kan vinne marknaden dersom vi ikkje differensierar oss frå billege artar som pangasius og telapia. Torsken må posisjonerast som eit kvalitetsprodukt på lik linje med kveite og anna kvalitetsfisk, dersom ein skal få betalt for den. Kundane betalar heller ikkje for eit produkt som dei ikkje har kjennskap til, så det aller viktigaste er i fylgje Steiro å reise ut å fortelje kva som gjer torsken spesiell og gjere produktet kjent ute i marknaden. Han påpeikar også kor viktig det er å lytte til konsumentane sine ønskjer, og viser mellom anna til at europeiske forbrukarar er opptatt av at fisken skal vere fersk og at den skal ha ein høg kvalitet. -At råvarene skal komme frå ein bærekraftig produksjon i eit godt miljø vert meir og meir viktig for kundane i Europa. I tillegg aukar fokuset på helse, og difor er det avgjerande at vi informerar om kor sunt produktet vår er sa Steiro til forsamlinga. Steiro påpeika også at vi enno berre er i starten av den blå revolusjonen sjølv om vi har jobba med oppdrett i 30 år. -Det betyr at vi har mykje som gjenstår i høve til biologien, men vi har også mykje arbeid å gjere ute i marknaden dersom vi skal få sal på produkta våre, sa Steiro til slutt og la til at ein også må utnytte biprodukta dersom ein skal tene pengar på torsken.