Odd Strøm

Utfordringane må løysast der dei er

Odd Strøm i Nova Sea trur ikkje forslaget i rapporten frå ”Gullestadutvalet” om oppheving av dagens forvaltningsregionar er fornuftig. -Utfordringane med å drive berekraftig forsvinn ikkje ved at produksjonen vert flytta til eit nytt område, så dei må løysast der dei er, seier Strøm.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Det har gått nokre veker sidan det såkalla Gullestadutvalet presenterte sin rapport om framtidige produksjonsstrategiar i havbruksnæringa, og dei fleste har no fått tid å lese igjennom rapporten, og vurdert kva det vil medføre å innføre dei ulike tiltaka.

Og mykje av det som vert føreslått i rapporten vert vurdert som fornuftige, men forslaget om å oppheve dagens forvaltningsregionar, er omstridt og skaper debatt. Fredd Wilsgård i Wilsgård Fiskeoppdrett på Senja gjekk tidleg ut å sa si meining om dette forslaget, og no får han støtte frå administrerande direktør Odd Strøm i Nova Sea. -Tankegangen bak generasjonssyklusar og åtskilt haust og vårutsett er fornuftig, men eg forstår ikkje kvifor dei skriv at dei administrative grensene som fungerar i dag, ikkje er tilfredsstillande. Eg klarer ikkje å sjå at det er problematisk i høve til å drive ein berekraftig produksjon, det er jo ikkje grensene som gir oss problem, framhevar Strøm.

Vil halde på regiongrensene Han meinar regiongrensene fungerar godt og viser til at selskapa har årelang erfaring med å drive og å samarbeide i desse områda. -Vi er ein regional aktør på Helgeland med ein sunn og god produksjonsstruktur og vi ønskjer å halde kontrollen med oppdrettsarealet for å kunne innordne oss slik det i rapporten vert framheva som viktig med tanke på å sikre god helse- og miljøstatus. Og dersom det er stadar der ein ikkje klarer å oppnå ein slik status, så må ein ikkje tru at problema let seg løyse ved å flytte produksjonen og intensivere talet på aktørar og produksjonstrykk i gode områder, seier Strøm

Han vil ikkje ha det slik at gode produksjonsregionar plutselig skal bli tilgjengeleg for selskap som får problem med produksjonen i dei områda der dei er etablert. Det ville i så fall vere ei ordning som favoriserar dei som i utgangspunktet har skapt problemet, og i praksis så meinar han dette berre vil vere ei føremon for eit fåtal selskap som har struktur til å drive i vid geografisk utstrekning.

Fornuftig med produksjonssoner Men Strøm er klar på at tankegangen i Gullestadrapporten når det gjeld inndeling i produksjonssoner samsvarar med slik dei tenkjer i Nova Sea. Han meinar det er viktig for selskapet å sikre at alle nødvendige ressursar som dei brukar i produksjonen vert skapt innanfor den geografiske sona der dei er etablert.

Direktøren i Nova Sea er også klar på at arealplanlegginga som er gjort rundt i kommunane kunne vore betre dersom ein hadde hatt tilgang på kart- og straumverkty slik rapporten skisserar. -Oppdrettarane gjennomfører straummålingar på eigne lokalitetar, i tillegg til at dei også samarbeidar i lokale og regionale prosjekt, men det er heilt rett slik det vert påpeika i rapporten at ein må få til ein felles databank som gir meir komplett informasjon om straumtilhøva på kysten. Og dette er noko som må organiserast på eit overordna nivå, framhevar Strøm til slutt.