Utgreiinga om dei marine artane er klar

I Noreg er det registrert 45 framande marine artar. Ni av desse er registrert i Rogaland, og no er utgreiinga om desse artane klar.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

På verdsbasis vert framande artar rekna som ei av dei største trugslane mot naturmangfaldet. Internasjonal skipsfart bidrar i stor grad til spreiing av framande artar, mellom anna gjennom bruk av ballastvatn og groe på skipsskrog. Rogaland har stor skipstrafikk, mye marin industri og ein omfattande aktivitet med fritidsbåtar, og er derfor utsett for introduksjon av nye, marine artar, skriv Fylkesmannen i Rogaland i ei pressemelding.

Det er viktig å prøve å stanse moglege problemartar før dei rekk å etablera seg. For å klare dette er tidleg registrering av nye artar avgjerande. Noreg har ei lang kystlinje, og det vil vere kostnadskrevjande å kartlegge artar i alle habitat langs kysten. I Hordaland og Rogaland er det derfor testa ut ein hurtig og rimeleg metode for kartlegging av framande marine artar. Metoden baserar seg på å undersøke kunstig substrat i småbåthamner og marinaer. Det vert plukka ut ei gruppe artar som det skal fokuserast på. I denne gruppa er det både artar som tidlegare er registert i Noreg samt såkalla ”dørstokkartar”. Dørstokkartar er artar det er fare for vert introdusert til Noreg i nær framtid.

I Rogaland vart 36 hamner undersøkt sommaren 2011. Det vart funne 6 av dei 27 artane som vart plukka ut for undersøkinga i Rogaland. Ingen av dei 6 var nye for Noreg, men ein rødalgeart, Neosiphonia harvei, har ikkje tidlegare vert funne i Rogaland. I tillegg til denne rødalgen, vart dei framande artane japansk drivtang, japansk sjølyng, pollpryd, japansk spøkelseskreps, og Styela clava (asiatisk sjøpung) funne i Rogaland. Tre artar som tidlegare er registrert i Rogaland (stillehavsøsters, tøffelsnegl og oransjestripet anemone), vart ikkje registrert i denne undersøkinga.

I det vidare arbeidet med å kjempa i mot introduksjon av framande marine artar, bør det mellom anna rettast fokus på groe på fritids- og saktegåande fartøy. Det er også naudsynt med fleire kartleggingsundersøkingar.

Direktoratet for naturforvaltning har laga ei utgreiing om framande marine artar i Rogaland. Lenke til utgreiinga finn du her.