Røktemaskin Smart Farm

Utstyr til blåskjelnæringa er god butikk

Produksjon av blåskjel har ikkje vore særleg lukrativt for mange norske produsentar. Men Smart Farm AS, som produserar utstyr, gjer det no svært så bra i utlandet.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Smart Farm AS sel patentert utstyr for yngelsamling og dyrking av blåskjel, og maskiner for røkting og hausting, i tillegg til fortøyingar. Selskapet vart etablert av Alise Karlsen og Bjørn Aspøy i 2001. Dei første åra jobba dei aktivt mot den norske marknaden, men etter kvart som næringa her heime bukka under, har selskapet snudd seg rundt, og i dag er over 95 prosent av omsetninga eksport.

Akkurat no eksporterar selskapet utstyr til Tyskland, Nederland, Danmark og Sverige, men dei har også levert til, Storbritannia, Irland og Spania. I tillegg jobbar dei med meir langsiktige prosjekt mot nokre land i Afrika, Bulgaria, Portugal, Chile og Italia. -Vi er inne i ei veldig positiv utvikling, og det ser også svært bra ut framover, seier Bjørn Aspøy til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Samanlikna med anna utstyr som har vore nytta på mange norsk anlegg kostar det ein del å investere i blåskjelsamlarane og dyrking/haustingsutstyret frå Smart Farm, men Aspøy meinar dei som har ein viss produksjon vil tene dette inn igjen ganske raskt. -Vi leverar utstyret ferdig utsett i sjø, så den delen kostar nok litt, men vårt system krev lite arbeidskraft og er svært effektivt. Kundane våre i Tyskland og Nederland haustar 30 tonn i timen, og er svært tilfreds med det, framhevar Aspøy.