Vidar Ulriksen

Utval skal vurdere arealbruken

Helga Pedersen har sett ned eit ekspertutval for effektiv og berekraftig arealbruk i havbruksnæringa. - Strukturen no er ikkje ideell, og forslag til betre arealbruk er viktig for vidare vekst og utvikling i næringa, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det nye utvalet skal greie ut og foreslå grep for å sikre havbruksnæringa tilstrekkeleg tilgang på areal i kystsona, og ein ny overordna arealstruktur som bidreg til at havbruksnæringa utnyttar arealet sitt på ein effektiv måte med færrast moglege miljøverknader. - God arealeffektivitet er viktig for å møte miljøutfordringane i havbruksnæringa. Arbeidet til utvalet blir ei oppfølging av regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring som vart lagd fram i april, seier Ulriksen.

I arbeidet skal det særleg leggjast vekt på omsynet til effektiv utnytting av tilgjengeleg areal, smitterisiko mellom anlegg, fiskevelferd og verknader på miljøet, medrekna ville bestandar. - Det er også viktig at den framtidige arealstrukturen medverkar til at havbruksnæringa får ein balansert og berekraftig sameksistens med andre interesser i kystsona, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet, Vidar Ulriksen.

Utvalet er difor bedt om å organisere arenaer for kontakt og dialog med representantar frå havbruksnæringa og andre interessentar til kystsona. Det blir også lagt opp til fagmøte der representantar frå andre kompetansemiljø kan delta.

Utvalet skal leggje fram rapporten sin innan 1. februar 2011.

Utvalsmedlemmer: 1. Peter Gullestad, fagdirektør, Fiskeridirektoratet, leiar 2. Sigurd Bjørgo, spesialrådgjevar, Sør-Trøndelag fylkeskommune 3. Inger Eithun, seniorrådgjevar, Mattilsynet 4. Arne Ervik, forskar, Havforskningsinstituttet 5. Roar Gudding, fagdirektør, Veterinærinstituttet 6. Heidi Hansen, seniorrådgjevar, Direktoratet for naturforvaltning 7. Roar Johansen, sjefingeniør, Kystverket 8. Anne Osland, seniorrådgjevar, Fiskeridirektoratet 9. Marit Rødseth, seksjonsleiar, Hordaland fylkeskommune 10. Inger Oline Røsvik, avdelingsdirektør, Fiskeri- og kystdepartementet 11. Håkan T. Sandersen, førsteamanuensis, Høyskolen i Bodø 12. Hilde Skarra, senioringeniør, Statens forurensningstilsyn