
Utveksling med Tsjekkia
Denne veka er tsjekkiske akvakultur studentar på besøk i Troms for å lære om oppdrett i sjø. Onsdag var det besøk på Havbruksstasjonen i Tromsø som sto på programmet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Ved hjelp av midlar frå EU har Troms Fylkeskommune og regionen Sør-Bohemia i Tsjekkia etablert eit utvekslingsprosjekt der akvastudentar får besøke kvarandre for å lære meir om oppdrettsnæringa i dei to landa. Prosjektet vart etablert i 2005, men alt våren 2004 var fem studentar frå Tsjekkia på besøk i Sør-Troms der dei hadde praksis på oppdrettsanlegg. Etter den tid har elevar frå Skjervøy vore på besøk i Tsjekkia og til hausten skal ei ny gruppe med elevar frå reiselivslinja i Sjøvegan og akvakultur på Skjervøy til Sør-Bohemia. Karpe og sik I Sør-Bohemia er karpe og sik dei to viktigaste oppdrettsartane og oppdrettsnæringa har ei lang historie. Dei første dammane for karpeoppdrett vart bygde alt på 1200-talet, og årsaka skal vere at munkane på den tida ikkje hadde lov å ete kjøt, så dei var avhengige av å oppdrette fisk. Dei største marknadane for karpe frå Tsjekkia er Tyskland, Kroatsia og Frankrike. Engasjerte ungdommar på Havbruksstasjonen Gruppa med tsjekkiske ungdommar som no er i Noreg kjem frå ein vidaregåande skule og ein høgskule i Sør-Bohemia. Onsdag denne veka var dei på besøk på Havbruksstasjonen utafor Tromsø for å sjå korleis forsking på saltvassfisk føregår. Det var ein engasjert gjeng som hadde mange spørsmål både om fiskehelse og miljø, og det var heilt tydelig at besøket på forskingsstasjonen var fagleg nyttig for dei tsjekkiske ungdommane. Norsk 17 mai Onsdag kveld bar det vidare med hurtigbåten til Skjervøy der dei skal besøke elevane på akvakultur på vidaregåande skule. 17 mai vart mellom anna feira med fotballkamp mellom norske og tsjekkiske ungdommar, og i neste veke skal dei jobbe på to oppdrettsanlegg i Nord-Troms.