Utvidar fartsområdet
Fiskefartøy med "Bankfiske II" fartsområde, kan når dei fisker heilt i ytterkant mot 200 nautiske mil, gå under Bjørnøya og søke ly og kvile, melder Norges Fiskarlag.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Saka om dette blei reist etter krav frå Finnmark Fiskarlag, som meinte at dei båtane som arbeidde heilt i yttergrensa mot 200 nautiske mil, som er grensa for Bankfiske II, var forhindra i å bevege seg nokre nautisk mil lenger mot Bjørnøya for å finne ly og kvile.
Norges Fiskarlag tok opp denne saken med Sjøfartsdirektoratet, som no endrar forskrifta slik at fartøy med Bankfiske II kan gå inn i eit område rundt Bjørnøya, innafor visse koordinat.