Merd anlegg

Utvider moglegheitane for miljøgranskings i Altinn

Fiskeridirektoratet har utvida skjemaet for miljøgranskingar i Altinn slik at også strandsonegranskingar og straumgranskingar får eigen kategori.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Akvakulturnæringa gjennomfører mange ulike miljøgranskingar som til dømes MOM-B og MOM-C granskingar, straumgranskingar og strandsonegranskingar for å dokumentere kva for miljøpåverknad akvakulturanlegget har på lokaliteten.

- Rapportane er eit viktig kunnskapsgrunnlag for Fiskeridirektoratet for å dokumentere at næringa driv på ein berekraftig måte og det er viktig at desse vert rapporterte inn til oss gjennom Altinn, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Brukt som kunnskapsgrunnlag

Kvar einskild innsendt miljøgransking vert gjennomgått av Fiskeridirektoratet og innrapporterte data vert blant anna brukt som kunnskapsgrunnlag i tilsynsarbeidet til Fiskeridirektoratet og i samband med arbeidet med vassforskrifta for å vurdere påverknad frå akvakultur i vassførekomstane.

Elektronisk rapportering gjer at Fiskeridirektoratet betre kan følgje opp og vurdere miljøtilstanden over tid på lokaliteten.

- På den måten kan vi vurdere og gjennomføre eventuelle tiltak i dialog med næringa. Dette er viktig for begge partar.

- Vi oppmodar næringa til å rapportere inn alle urapporterte granskingar som ikkje er rapportert inn til no på lokaliteten på Altinn.