
Utvider test av ”kombinasjonsoppdrett”
Ocean Forest har begynt å teste ut om det er mogleg å kombinere oppdrett av fleire artar på same areal. Dersom testane går vegen, kan arbeidet vere utgangspunkt for ein ny type fiskefôr.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fungerer det vil næringa kunne bli meir berekraftig. Lerøy Seafood Group etablerte i fjor haust Ocean Forest saman med miljøstiftinga Bellona. Eigarskapet er fordelt 50/50 og prosjektet har ei ramme på tre år, med ambisjonar om å bli ein framtidig sentral aktør innan havbruk. På Rongøy jobbar eit team med tilsette frå både Bellona, Lerøy sentralt og frå kontoret i Bergen, skriv Vestnytt.
- VI ser på moglegheita for å kombinere oppdrett av fleire artar. Like før jul sette vi ut tarar og no i januar sette vi ut blåskjel i tilknyting til laksemerdane. Ved å integrere ulike artar kan dei dra nytte av kvarandre, slik som dei gjer i naturlege omgjevnadar, fortel Anne Hilde Midttveit, prosjektleiar for Ocean Forest.
Økonomisk er prosjektet er eit av dei største Lerøy nokon gong har delteke i, og prosjektleiaren fortel at selskapet har stor tru på denne måten å drive på.

- Ved å sette blåskjel i same økosystem som fisken kan desse få ein avlusingsfunksjon overfor laksen. Det kan vere vel så effektivt som å bruke andre middel for avlusing, fortel Midttveit.
Også algar kan vise seg å vere ein ressurs for havbruket, då desse både kan både livnære seg av avfall frå fisken og produksjon og i neste omgang bli omgjort til fôr for fisken. Algar er også interessant i forhold til produkt til humant konsum samt produksjon av energi.
- Produksjon av fisk fører til utslepp av næringssalt. Algar og blåskjel veks ved å ta til seg næringssalt, noko som vil redusere næringssaltet frå lakseproduksjon, fortel Midttveit.
Ho fortel vidare at ho gjerne skulle hatt meir areal rundt anlegget for å utvide testane, og søkt kommunen om meir areal. Og seier at no i første omgang er det nyttig å undersøke om algar og blåskjel kan nyttast til å lage fiskefôr,