Laks som hopper merd anlegg fisk

– Utvidinga av oppdrettsanlegget i Brandal - eit utenkjeleg overgrep

Hareid historielag nyttar sterke ord når dei seier kva dei meiner om utvidinga av oppdrettsanlegget i Brandal.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Hareid historielag har samla gått inn for å protestere på dispensasjonssøknaden frå Salmar Organic om oppstart av lakseoppdrett i Brandal, skriv Vikebladet.no. I merknaden frå historielaget til Hareid kommune slår ein fast at planane om lakseoppdrett vil gå sterkt ut over interessene til grunneigarar, folk som nyttar området til fiske, samt den allmenne bruken av eit stort område i Brandal.

– Planane vil truge gamle rettar som har solid historisk forankring, til dømes lakserettane. Dette er planar som Hareid historielag av fleire grunnar vil gå sterkt i mot, heiter det i merknaden.

Plasseringa er problemet

Tysdag møtte Vikebladet Vestposten Finn Sindre Eliassen og Einar Holm frå historielaget i Brandal.Holm forklarer at dei på ingen måte er negative til industri eller oppdrett, men at plasseringa og storleiken på det aktuelle anlegget i Brandal er eit problem.

Ynskjer eit klart nei

– Det var ei tabbe å gje løyve til det anlegget som har vore her, meiner Holm som fryktar for framtida for eit av dei mest brukte naturområda i Hareid kommune. Det er få stader ein vil gripe så mykje inn i naturen for å gje rom for eit oppdrettsanlegg. Om heile dette området går med, så vil det vere svært små tilgjengelege område med urørt strandsone att i kommunen, seier Holm, til Vikebladet.no.

– Ein kan ikkje overlate denne kyststripa til eit anlegg som ikkje eingong skaffar arbeidsplassar til kommunen, eller til næringsinteresser som ikkje høyrer heime her, slår dei fast i følgje lokalavisa