
Utviklar arktisk fôr
Villa Arctic /Troika Seafarms har inngått avtale med Akvaforsk og Polarfeed AS om eit forskingsprosjekt der ein tek sikte på å finne rett fôr og pigmentsamansetting for å oppnå best mogeleg produksjonsresultat i Finnmark.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Målsettinga for dei tre samarbeidspartane er å finne fram til eit fôr som er tilpassa dei ekstreme og naturgjevne tilhøva i Finnmark med låg tilvekst om vinteren og stor kompensasjonsvekst om sommaren og hausten. Dei fleste fôrtypar som finst på marknaden i dag er tilpassa oppdrett i Sør Noreg og er difor lite eigna for fisk i Aust Finnmark. -Vi fôrar mykje om sommaren og så er det nesten stopp på vinteren, så målet vårt er å finne fram til eit fôr med dei ekstra næringsstoffa som fisken treng om vinteren, seier Dharma Rajeswaran i Villa Salmon til Norsk Fiskeppdrett/kyst.no.