Uværet medførte rømming
Det kraftige uværet i Nordland i sist veke har ført til store materielle skader på oppdrettsanlegg. I tillegg har det rømt frå fleire lokalitetar i fylket.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fiskeridirektoratet region Nordland føretek no kontroll av tre anlegg i Nordland som vart påført store skader i uveret sist veke.
Omlag 77 000 laks med snittvekt på 2 kilogram er bekrefta rømt frå ein lokalitet som tilhøyrer Seafarm Invest AS i Træna kommune . I tillegg er omlag 50 000 fisk døde etter av skader på anlegget.
Frå ein lokalitet som tilhøyrer Høllalaks AS i Vågan kommune rømde det omlag 30 000 laks med snittvekt på 6 kilogram. I tillegg er det rømt laks frå ein lokalitet som tilhøyrer Lofoten Sjøprodukter AS i Vestvågøy kommune. På denne lokaliteten føregår det no opptak av store mengder død fisk etter skadane og Fiskeridirektoratet har ikkje det totale skadeomfanget.
Det vert no gjeve tillating til oppfisking etter den rømde fisken, melder Fiskeridirektoratet.