Fiskeridirektoratet

Uviss framtid for Fiskeridirektoratets tilsatte i Måløy

Dei tilsette ved regionkontoret til Fiskeridirektoratet i Måløy er svært frustrerte over at dei framleis må leve i uvisse om kva som skal skje med kontoret.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

To månader etter at dei fekk beskjeden om at regionkontoret kanskje vert flytta til Bergen er avgjerda framleis i det blå. - Det er ingen god situasjonen, seier Wenche Johannessen som lurer på kva som skjer med arbeidsplassen hennar.

– Tida har vel i grunnen stått litt på vent. Det er ikkje noko god kjensle å gå rundt og vente slik. Det har tatt langt tid, og det er mange som er svært spente seier, Johannesen til NRK Sogn og Fjordane.

I dag har 26 personar arbeidsplassen sin ved regionkontoret i Vågsøy, men fiskeridirektør Liv Holmefjord ynskjer å flytte kontoret til Bergen. I februar kom varselet om mogleg flytting men framleis ventar Tone Teigen på eit klart svar på kva som skal skje med kontoret i fiskerikommunen.

– Ventetida er blitt mykje lenger enn det vi vart førespegla. Det vart sagt at det skulle kome ei rask avgjerd. No seier statsråden at ho har god tid når ho no skal vurdere dei innspela som er komne, seier Teigen.

Liv Holmefjord vil flytte arbeidsplassene deres til Fiskeridirektoratets lokaler i Bergen. Foto: Øyvind Sjøthun Røen