Fredd Wilsgård

Vaksine som eit alternativ i konkrete områder

Oppdrettarane i Sør Troms trur vaksine kan vere eit av fleire tiltak for å hindre spreiing av ILA , men Fredd Wilsgård i Wilsgård Fiskeoppdrett understrekar at det berre må brukast i mindre områder.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Vaksinering av fisken vert no diskutert som eit alternativ for å hindre fleire utbrot av ILA i Sør Troms og for å hindre spreiing til andre områder. Veterinærinstituttet har vurdert den aktuelle vaksinen og kome fram til at den kan ha ein positiv effekt sjølv om den ikkje gjev hundre prosent beskyttelse mot ILA. Berre i små soner Oppdrettarane i regionen er positive til bruk av vaksine, men meinar den berre må brukast for å frigi konkrete områder. -Vi burde hatt betre erfaring med denne vaksinen, men dersom den vert brukt i små bekjempingssoner i samband med frigjeving, trur eg det kan vere eit alternativ å bruke den, seier Wilsgård til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. FHL er med Også FHL er positive til å ta vaksinen i bruk som ein del av ein strategi for å bekjempe sjukdomen i eit avgrensa område. -Vaksinen har vore brukt på Færøyane som ein del av ein plan for å bekjempe ILA, og det ser ut til å gå bra, så vi ser det som naturleg å prøve ut vaksinen i eit avgrensa område, seier Knut Hjelt i FHL til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Hjelt håpar no å få ein dialog med Mattilsynet for å finne fram til ein strategi som kan virke over tid. Men han er opptatt av at aktørane i Sør Troms må kunne vere i kontinuerleg drift. Les også