Vaksinen er ikkje effektiv

Sats på torsk, Tromsø: Francisella sto på dagsorden under første dag av Sats på torsk sitt nettverksmøte i Tromsø i går. Dagens vaksine er ikkje effektiv nok og for å hindre spreiing bør det innførast restriksjonar.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Dagens vaksine med inaktive bakteriar gjev ikkje varig effekt for å hindre utbrot av francisella og Intervet Norbio arbeidar no med å finne fram til ei meir effektiv vaksine, men i mellomtida må det innførast andre tiltak for å hindre at sjukdomen spreier seg nordover. Utviklar ny vaksine Forsøk gjennomført av Intervet Norbio viser at effekten av vaksinen med inaktive bakteriar er vekke etter 15 veker. Selskapet gjennomfører no forsøk for å identifisere kva komponent i bakterien som gjev effekt, men i fylgje Bjørn Krossøy kan det ta tid før ein har funne fram til ein effektiv vaksine. Ønskjer restriksjonar Så langt er francisella påvist i oppdretta torsk så langt nord som til Nordland. I vill torsk er den påvist nord til Sogn og Fjordane. Mangelen på ei effektiv vaksine medfører stor fare for spreiing og Mattilsynet ønskjer å innføre restriksjonar på flytting av torsk. I dag vert oppdrettarane anbefalt å teste fisken før flytting, men i fylgje Thorarinsson burde dette vere eit krav og det kjem til å bli innført restriksjonar. Thorarinsson meinar også at francisella bør oppførast som B-sjukdom og i fylgje Cecilie Ditlevsen i Fiskeri- og kystdepartementet vil dette seinast skje i det nye helsedirektivet som kjem i august. Destruering av gytetorsk Det er også stor fare for at francisella kan spreie seg til ville bestandar dersom sjuk fisk gyter i merd. For å unngå dette meinar Thorarinsson at ein bør arbeide for å utvikle ein teknologi som gjer det mogeleg å isolere gyteklar torsk for å få den slakta eller destruert. Eit anna tiltak er å opprette regionale soner for flytting etter PD-modellen. Vil samarbeide Thorarinsson framheva at det ikkje er eit mål å kneble næringa, men han trur ikkje det er mogeleg å få lønsemd utan at ein får bukt med francisella. Han ønskjer eit samarbeid med aktørane for å få dette til.