
Valland kjenner seg ikkje igjen i påstanden til Haddal
Aina Valland i FHL kjenner seg ikkje igjen i regiondirektør Hans Cato Haddal i Fiskeridirektoratet sine påstandar om underrapportering av rømming. -Fiskeridirektorata sin eigen statistikk viser at det er færre fisk som rømmer, og det samsvarar jo også med at det vert fanga mindre rømt fisk i elvane, seier Valland.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Regiondirektør Hans Cato Haddal i Fiskeridirektoratet Vest sa tidlegare denne månaden til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at han trur det er ei underrapportering av rømmingshendingar i oppdrettsnæringa.
Uttalinga har skapt diskusjonar i næringa, og mange er overraska over at ein regiondirektøren i Fiskeridirektoratet uttalar seg på denne måten utan å vise til meir konkret dokumentasjon. Fiskeridirektoratet sin eigen statistikk over rapporterte rømmingar viser ein nedgang dei siste åra, noko som i fylgje Valland stemmer godt overens med at det også er ein reduksjon i talet på rømt oppdrettsfisk som vert fanga i elvane. -Statistikken viser at det er færre fisk som rømmer og at det er mindre rømd oppdrettsfisk i elvane. Og det ser vi som eit godt teikn på at næringa er på rett veg med det arbeidet som vert gjort for å hindre rømming frå anlegga, seier Valland til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Målretta arbeid Havbruksnæringa gjennomfører eit omfattande arbeid for å få ned rømmingstala og i fylgje Valland er rapportane som vert sendt inn no mykje meir rett enn dei var for 10 til 15 år sidan. Ho framhevar også at det er stort fokus i næringa på rapportering av hendingar knytt til mistanke og om faktiske rømmingar. -Vi har køyrt mange kurs i rømmingssikring og viktigheita av å rapportere om rømmingar har hatt fokus på desse kursa, seier Valland. Melder om små og store hendingar Dersom ein ser på oversikta av rapporterte hendingar som Fiskeridirektoratet offentleggjer , så ser ein at det vert meldt både om misstanke om rømming, og om små og store rømmingshendingar. -Eg er jo medlem av rømmingskommisjonen som er oppnemnt av myndigheitene, og der er vi opptatt av at alle hendingar må rapporterast for at andre skal kunne lære av det, og på den måten unngå at det skal skje igjen. Men vi veit også at det har vore einskildhendingar som ikkje har vore rapportert, og det er veldig uheldig, seier Valland. Men ho legg til at FHL absolutt ikkje kjenner seg igjen i det bilete som Haddal skaper når han går ut på den måten som han gjer, og at denne typen påstandar må dokumenterast mykje betre dersom dei skal vere truverdige.