Doktorgradsstudent Ida-Johanne Jensen (midten) og mastergradstudent Sandra Wiik t.v vann første og andre prisen for beste poster då det internasjonale miljøet innan marin bioprospektering var samla på konferanse i Tromsø i februar. Dei to studentane ved Fakultet for biovitskap, fiskeri- og økonomi på Universitetet i Tromsø takkar grafikar Frøydis Strand (t.h) for god hjelp i arbeidet med presentasjonane.

Vann pris for poster om helseeffekter av sjømat

Doktorgradsstudent Ida-Johanne Jensen og masterstudent Sandra Wiik, begge ved BFE, fekk første og andre pris for beste poster under Bioprosp 2013 i Tromsø.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Om lag 250 representantar for vitskap, industri og investormiljø frå inn- og utland møttes i Tromsø i februar med tema «Utfordringar og muligheiter knytt til kommersialisering av marine bioaktive forbindelsar».

Under konferansen vart det avvikla ein internasjonal formidlingskonkurranse med 50 posterpresentasjonar. Målet med konkurransen er å synleggjere forskinga som føregår innafor marin bioprospektering og både første og andre premie gjekk til studentar ved Fakultet for bioviteskap, fiskeri og økonomi (BFE) på Universitetet i Tromsø. Det srkiv faktultetet i ein pressemelding.

To unge jenter til topps

Ida-Johanne Jensen som gjekk av med sigeren i posterkonkurransen nærmar seg avslutningsfasen av sitt doktorgradsarbeid.

Ho jobbar med marine næringsmiddel og ser på helseeffektar av fisk samanlikna med kjøt, og sjølv om ho er opptatt av å få fram at omega 3 frå fisk er veldig viktig for folkehelsa, så framheva ho at fisken også inneheld mange andre ting som er viktig for kroppen.

Andre premien i posterkonkurransen gjekk til mastergradstudent Sandar Wiik, også student ved BFE. Henna oppgåve handla om å samanlikne antimikrobielle substansar i tang og tare med andre marine bakteriar, og med bakteriar som vi finn på land. Hovudmålet på litt lenger sikt er å finne fram til nye medisinar.

Saka fortsette under bildet

Doktorgradsstudent Ida-Johanne Jensen (midten) og mastergradstudent Sandra Wiik t.v vann første og andre prisen for beste poster då det internasjonale miljøet innan marin bioprospektering var samla på konferanse i Tromsø i februar. Dei to studentane ved Fakultet for biovitskap, fiskeri- og økonomi på Universitetet i Tromsø takkar grafikar Frøydis Strand (t.h) for god hjelp i arbeidet med presentasjonane. Foto: Kari Johanna Tveit.

God formidlingslæring

Jensen og Wiik er både stolte og glade over prisane dei har vunne og framhevar at deltakinga i postekonkurransen er god læring med tanke på avslutninga av oppgåvene dei held på med, og med tanke på framtidige jobbar.

Design er nøkkelen bak god formidling

Dei to prisvinnarane rettar også ein stor takk til grafikar Frøydis Strand ved BFE. Ho hjelpte begge dei to prisvinnarane med sine presentasjonar.

-Det er fleire ting som er viktig i slike samanhenga, men det er ofte lurt å jobbe ut frå gjenkjenning gjennom bruk av grafisk profil, og heile tida ha hovudpoenga i fokus, seier Strand. Vurderingane til juryen i postekonkurransen er basert på layout og fagleg kvalitet på innhaldet.