Peder Fiske, Nina

Vanskeleg å fange fisk ved gyteplassane

Fiskeridirektoratet ber Nina om å undersøke innslaget av oppdrettslaks på gyteplassane om hausten, men dette er truleg eit svært vanskeleg oppdrag. –Det er ein stor innsats som må til for å fange så mykje fisk om hausten, så det er naturleg at mesteparten av prøvane blir henta frå gode fiskeplassar, seier Peder Fiskei Nina.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Avisoverskrifter om påvising av prosentvis store mengder oppdrettslaks i elvane byggjer ofte på tal som er henta inn frå haustfisket, utan at det kjem fram at dette ikkje er representativt for den totale situasjonen i eit laksevassdrag.

I tillegg er det også usikkert i kva grad fisken som blir fanga på denne tida av året er tatt ved gyteplassane, eller om den er henta ut på plassar der ein finn bitevillig fisk.

Eit årleg bestillingsverk

Fiskeridirektoratet sin årlege presentasjon av innslaget av rømd oppdrettslaks i lakseførande vassdrag byggjer på undersøkingar som vert gjennomført i elvane om hausten. Målet er å finne ut kor mykje oppdrettslaks som står på gyteplassane.

-Vi har gjeve Nina i oppdrag å undersøke innslaget av oppdrettslaks på gyteplassane i ein del namngjevne elver, og det er ei oppgåve dei har gjennomført for oss i mange år, seier Seksjonssjef Terje Baarøy i Fiskeridirektoratet til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Peder Fiske, Nina

Ifylgje Peder Fiske i Nina kan det vere vanskelig å fange fisk på gyteplassane om hausten.

Mange fiskar er tatt ut ved eit vandringshinder

Norsk institutt for naturforsking (Nina) har hatt ansvaret for mange av undersøkingane som vert gjennomført for å finne ut kor mykje rømd oppdrettslaks som går opp i lakseførande elver for å gyte. Men det kan vere vanskelig å fange fisken på gyteplassane, slik Fiskeridirektoratet har bedd dei om å gjere.

- Vi ber fiskeforvaltarar og andre som tek ut desse prøvane om å samle mest mogeleg representativt materiale frå heile vassdraget. Men det er ein stor innsats som må til for å fange så mykje fisk om hausten, så det er naturleg at mesteparten av prøvane blir henta frå gode fiskeplassar, noko ein ofte har i samband med eit vandringshinder, seier seniorforskar Peder Fiske ved Norsk institutt for naturforsking (Nina).

I nokre elvar er det ifylgje forskaren lettast å gjennomføre fisket langt nede, medan det kan vere heilt motsett i andre elvar.

- Eksempelvis så er det ofte lite vatn langt oppe i Oselva i Møre og Romsdal, så her vert fisken tatt ut langt nede i elva. Og i Namsen føregjekk prøvefisket tidlegare i stor grad i Fiskumfoss, medan det har vore spreidd over heile elva dei siste åra, seier Peder Fiske til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Laksen sin bitevilje variera

Tala som er brukt i notatet frå Nina, og som Fiskeridirektoratet tek utgangspunkt i når dei påpeikar at innslaget av oppdrettsfisk i elvane er for høgt, er henta frå det såkalla haustfisket. Men ifylgje Peder Fiske er dei usikre på kor representativt dette er for all fisken som står i elvane på det tidspunktet.

-Det er jo ein prøve som blir tatt der og då. Ein kan mellom anna tenkje seg at fisk som nyleg er komen opp i elva er meir bitevillig, enn fisk som har stått der lenge. I tillegg er det slik at det oftast kjem meir oppdrettsfisk opp i elva utover i sesongen. Vanlegvis er det lite oppdrettslaks i elvane i juni, medan vi registrerar meir i august, seier Fiske.

Prøver å ta omsyn til begge deler

Når Nina reknar ut mogeleg påverknad av oppdrettsfisk, har dei brukt tala både frå sportsfisket og frå haustfisket, og rekna gjennomsnittet.

- Sportsfiskeprøvane kan underestimere innslaget av oppdrettsfisk, medan det motsette kan skje dersom vi berre tek utgangspunkt i prøvane frå haustfisket, seier Peder Fiske i Nina.

Data som Riksrevisjonen har brukt i sin rapport er henta frå haustprosenten åleine, og frå årsprosenten. I årsprosenten tek ein omsyn både til tal frå haustfiske og frå sportsfiske. Dei har ikkje brukt tal berre frå sportsfiske.

Radiomerker for å få vite meir

Nina ønskje å undersøke nærmare kvar i vassdraga rømd oppdrettslaks bevegar seg, og held no på med eit prosjekt i Namsenfjorde. Her radiomerkar dei både villaks og oppdrettslask for å vite kvar oppdrettslaksen går og for å finne ut kor lett det er å fange han.

Tala frå 2011 kjem snart

Nina sitt notat om innslaget av oppdrettslaks i haustfisket i 2010 vart presentert i første del av juni i fjor. Men resultatet frå haustfisket i 2011 let vente på seg. Ifylgje Terje Baarøy i Fiskeridirektoratet er tala snart klar for offentleggjering, men det er nokre detaljar som først må på plass, noko Direktoratet for naturforvaltning arbeidar med.