Kari Bryhni

Vanskeleg med dobbeltbodskap

Stokmarknes: Det er vanskeleg å formidle at fiske og sjømat er sunt på same tid som ein set tak på anbefalt inntak. Det sa direktør for forbrukaromsyn og dyrevern i Mattilsynt Kari Bryhni i sitt innlegg på årsmøtet i Nordland Fiskeoppdrettarlag i går.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit
Fiske er sunt å ete, og ein bør ete meir. Men Bryhni seier det er vanskeleg å anbefale folk at ein skal ete meir fisk på same tid som ein seier at inntaket av feit fisk ikkje må vere for høgt, og at nokre grupper bør vere meir varsame enn andre.
Direktivet skal reviderast
Grensenivået for innhald av dioksina og pcb i fiskefor vart sett i eit EU direktiv i 2005. Dette direktivet skal reviderast i 2008, men den gangen vart næringa også anbefalt å arbeide for å finne ut av korleis ein kan reinse oljen som vert nytta i fôret, slik at ein kan få ned grenseverdiane.
Få vekk negative effektar
Bryhni veit ikkje om det kjem anbefaling om reinsing av olje som vert brukt i fiskefôr i rapporten frå Vitneskapskomiteen for mattryggleik (VKM) som skal leggast fram no i mars, men ho framhevar at alle sjansar for å få vekk negative effektar for norsk laks bør nyttast.