laksefiske, villaks

Vanskelege å få informasjon om stengde lakseelver

Ifylgje Direktoratet for naturforvaltning er det 124 norske lakseelvar som er stengde for fiske etter laks i 2012. Men det har vore vanskeleg å få vite kor mange av desse elvane som er stengde fordi dei ikkje vert organisert godt nok, og kor mange som ikkje har oppnådd gytebestandsmålet.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit

Tidlegare i år sa Stig Johansson i Direktoratet for naturforvaltning til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at 124 lakseelvar i Noreg ville bli stengde i årets fritidsfiskesesong.

Lista over desse elvane vart presentert i Nationen den 19 april i år.

Manglar oversikt

Men sjølv om Direktoratet for naturforvaltning presentera ei eiga liste over stengde elvar, kunne Johansson ikkje sei noko om kvifor dei ulike elvane er stengde for fiske i 2012. Det han kunne informere om var at vurderinga vert gjort med utgangspunkt i to hovudfaktorar.

I første rekkje handla det om at lakseelvar der det føregår eit aktivt fiske skal vere organisert på ein slik måte at ein kan ivareta vassdraget. Direktoratet må mellom anna vite om gytebestandsmålet er nådd eller ikkje. Elvar som ikkje har ei tilfredsstillande organisering og rapportering vert stengde på bakgrunn av dette.

I 2012 har Direktoratet for naturforvaltning stengt 124 elvar for fiske etter laks. Men det har vore ein lang prosess og vanskeleg å få informasjon om kva som ligg bak vedtaka om stenging.

I den andre kategorien med stengde elvar kjem dei som er så godt organisert og har så god rapportering at ein har kontroll på om gytebestandsmålet er nådd. Elvar der ein ikkje har nådd gytebestandsmålet vert stengde.

Vanskeleg å få tilgang til informasjon

For å få ei oversikt over kva som ligg til grunn for stenging av dei ulike elvane, sende Johansson oss vidare til Fylkesmannen i dei aktuelle fylka. Dette arbeidet starta vi i mai, men så langt har det ikkje vore mogeleg å framskaffe ei heilskapleg oversikt over kva som ligg bak vedtaket om stenging av dei 124 lakseelvene som står på Direktoratet for naturforvaltning si liste. Vi har likevel valt å lage ein presentasjon av det vi har fått vite. Den står på trykk i Norsk Fiskeoppdrett nr 8.