Varsel om tvangsmulkt
Fiskeridirektoratet i Finnmark har sendt varsel om tvangsmulkt til Polarlaks AS i Hammerfest. Torsdag må selskapet melde frå om dei tek ansvaret for å få vekk merdane som ligg i fjæresteinane.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Tidlegare denne månaden hadde kystvakta med seg NRK på tur langs kysten av Vest Finnmark. Her fann dei både umerka merdar og merdar som låg i fjæresteinane. Innan torsdag må Polarlaks AS som har lokalitetar i området der merdane vart funne, melde frå om opplysningane i kystverket sine rapportar er korrekt. -Om vi ikkje høyrer noko frå selskapet innan torsdag, må vi gi pålegg om opprydding, seier Baard Baik i Fiskeridirektoratet i Finnmark til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Ligg att etter konkursar Ei av årsakene til problema med gamle merdar som ligg i fjæresteinane langs kysten av Finnmark er at ein del selskap har gått konkurs, og at det har tatt ei tid før desse har kome i drift igjen. -Vi forstår kva som ligg bak dette, men dei skal ha alt på stell, så det er ikkje ei unnskyldning, seier Baik. Tek ansvar Mykje av det som ligg i fjæresteinane kjem frå tida lenge før både Polarlaks og dei tidlegare eigarane av konsesjonane var etablert i området, men Polarlaks AS tek ansvaret for å få rydda opp. -Ein del av det som ligg langs kysten har ikkje vore i bruk dei siste 10 til 15 åra, men det skal ikkje sjå slik ut, så vi tek ansvaret for å få det vekk. Så får vi heller finne ut kva som skal skje i ettertid, seier Jonny Nikolaysen i Polarlaks AS. Har meldt frå Polarlaks hadde planen for opprydding klar lenge før Kystvakta var på registreringsrunde, så denne er i fylgje Nikolaysen alt sendt til Fiskeridirektoratet. Han påpeikar også arbeidet med opprydding vart starta i fjor.