
Varsla lakserømming på laurdag
– Vi veit førebels ikkje kor mykje laks som har rømt, seier administrerande direktør Carl Erik Arnesen i Firda sjøfarmer til Firda.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Firda sjøfarmer melde laurdag morgon frå til Fiskeridirektoratet om at dei hadde hatt ei rømming frå nyanlegget sitt i Trellevika, rett utanfor Stongfjorden skriv Firda.
– Det var folk som var på arbeid på anlegget som oppdaga at det var gått hol i ei merd, så det vart oppdaga veldig fort, og vi håpar det ikkje er veldig mykje fisk som har rømt, seier Arnesen.
Selskapet hyrte så umiddelbart inn to yrkesfiskarar til å drive gjenfangst av fisken.
– Dei har fiska med flytegarn, men dei har ikkje fått så mykje fisk som det de melder om frå Stongfjorden. No ligg jo Stongfjorden rett rundt svingen, så det kan vel hende at fisken har trekt innover dit, seier Arnesen.
Arnesen seier den rømde fisken er slaktemoden, på rundt 4 til 5 kilo og fri for lus.Om ei veke skal dei slakte ut resten av merden og sjå kor mykje som manglar. Allereie i dag skal folk frå Fiskeridirektoratet på inspeksjon på anlegget der rømminga fann stad.