laksemerd

Varslar landsomfattande teknisk kontroll

I løpet av september og oktober vil Fiskeridirektoratet kontrollere akvakulturanlegg i heile landet. Målet er å kontrollere om dei som nyttar eldre komponentar er i forsvarlig teknisk stand.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ny forskrift om krav til teknisk standard for flytande akvakulturanlegg (Nytek) tok til å gjelde 1. januar 2012. I forskrifta krev ein mellom anna at eldre komponentar utan produktsertifikat skal ha hovudkomponentbevis innan 31.desember 2012. Frå 2006 til 2011 hadde desse komponentane krav om dugleiksbevis.

Overgangsperiode i 2012

I 2012 er det ikkje noko krav til dokumentasjon for slike komponentar, og næringa har fram til årsskiftet på å fase ut gamalt utstyr eller få det vurdert etter nytt regelverk.

– Samstundes gjeld krava om at anlegga til ei kvar tid skal vere i forsvarleg teknisk stand og at drifta skal vere teknisk forsvarleg. Vi vil no kontrollere at bruk av gamle komponentar ikkje gjev uakseptabel risiko for rømming, opplyser Tor-Arne Helle ved tilsynsseksjonen i Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.