
Varslar tvangsslakting
Mattilsynet varslar tvangsslakting av 1.5 millionar regnbogeaure i Storfjorden. Fjordlaks truar med at utslakting kan medføre erstatningsansvar
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I slutten av november stadfesta Mattilsynet diagnosen viral hemoragisk septikemi (VHS) i eit oppdrettsanlegg for regnbogeaure i Stranda kommune i Møre og Romsdal. No meinar Mattilsynet at det hastar med å slakte fisken og å gjennomføre sanering av lokaliteten for regnbogeaure, skriv smp.no. I eit brev til Fjordlaks skriv Mattilsynet at det er stor risiko for vidare smittespreiing ved å ha ein stor biomasse VHS-sjuk fisk ståande i Storfjorden over lang tid. Tilsynet er redd for at smitten skal spreie seg til villfisk i fjorden, skriv smp.no. Ikkje eining med Mattilsynet Fjordlaks og Mattilsynet er usamde både om kor alvorleg smitteutbrotet er, og kva slags tiltak som skal setjast i verk. Fjordlaks støttar seg på uttaling frå professor Are Nylund ved biologisk Institutt på Universitetet i Bergen som meinar det ikkje er mogeleg å konkludere med at det er VHS-viruset som er årsaka til at fisken i anlegget døyr. Han viser til at det er svært avgrensa kunnskap om marine variantar av VHS-viruset, og kva sjukdomsteikn det gir hos regnbogeaure. Universitetet har søkt om å få sette i gang smitteforsøk med regnbogeaure i saltvatn, men har fått avslag, skriv smp.no. Mattilsynet på si side meinar at det berre er VHS som kan forklare dei kliniske funna og trur det er sannsynleg at mengda med død fisk i anlegget er underrapportert. Truar med erstatningskrav Fristen for nedslakting av regnbogeauren i det smitta anlegget er sett til 22. februar, men Fjordlaks ber om utsetjing for å få fram meir kunnskap om viruset. - Vedtak om nedslakting kan utløyse erstatningsansvar for det offentlege, skriv Fjordlaks sin advokat, Henrik Grung, i eit brev til Mattilsynet.