Vart tatt med fisk på grensa

Sist veke vart fem tyskarar tatt med 416 kilo torskefilet i Kautokeino på grensa til Finnland, melder NRK.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Tyskarane vart stoppa i ein rutinekontroll og politiet fann 416 kilo filet i 13 frysebagar. Kvar person har lov å ha med seg 15 kilo filet og samala hadde tyskarane lov å ha med 75 kilo filet. Tyskarane fekk ei bot på 12 000 kroner kvar i tillegg til at dei måtte gi frå seg fisken. Dei godtok bøtene på staden.