
Vedtaket overraska Torgnes
Sist veke vedtok styret i Nortura å legge ned verksemda i Brønnøysund. Selskapet skulle samarbeide med Fjord Marin Cod, og vedtaket kom overraskande på Paul Birger Torgnes.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Nortura har arbeida i to år med å få til eit konsept basert på slakting og foredling av oppdrettstorsk og villsau på avdelinga i Brønnøysund. Utviklinga av eit prosjekt for oppdrettstorsk var gjort i samarbeid med Fjord Marin Cod, men sist veke kom meldinga om at Norrtura skal legge ned verksemda i Brønnøysund. I ei pressemelding seier styreleiar Sveinubng Svebestad i Nortura at årsaka er manglande lønsemd ved tilført aktivitet. Ein har heller ikkje lukkast med å finne ein samarbeidspartnar som har vore villig til å gi prosjektet eit reelt innhald når det gjeld fisk, og ut frå den økonomiske situasjonen ser ikkje selskapet det som forsvarleg å gå vidare med prosjektet. Svært overraskande Vedtaket i styret for Nortura kjem svært overraskande på Paul Birger Torgnes som er styreleiar i Fjord Marin Cod. -Eg har vore på reise og har ikkje fått snakka med nokon i Nortura enno, men vi prøver å finne ut av det, seier Torgnes til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Inga krise I fylgje Torgnes er ikkje dette ein krisesituasjon for Fjord Marin Cod. Selskapet slaktar fisken sin hjå Nils Williksen AS i Brønnøysund, og samarbeid med Nortura skulle berre vere eit prosjekt i tillegg.