Villaks som hopper

Vedvarande underrapportering i villaksfisket

Både Roul Birac i Direktoratet for naturforvaltning og Ole Torrissen ved Havforskingsinstituttet meinar det føregår underrapportering i fisket etter villaks. Dette får fortsette sjølv om uttaket i norske lakseelvar er på 50 prosent av innsiget.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Roul Birac i Direktoratet for naturforvaltning meinar underrapportering gjer det vanskeleg å stole på historiske data over fisket etter villaks i norske lakseelvar. Situasjonen har truleg betra seg i seinare år, men han meinar det enno er grunn til å tru at det føregår ei viss underrapportering i villaksfisket.

Birac får støtte frå Ole Torrissen ved Havforskingsinstituttet. Han meinar det føregår eit betydeleg uregistrert fiske etter villaks. Det er ein situasjon som får fortsette sjølv om halvparten av fisken som går opp i norske lakseelver vert fiska opp. Dette talet har Torrissen henta frå forskingsinstitusjonen NINA.

Lang rapporteringstid I tillegg til at det vert stilt spørsmål ved kvaliteten på rapporteringa av villaksfangstar, tek det også godt over fire månadar frå fisket i elvane er avslutta om sommaren til informasjonen vert offentleggjort.

I fylgje Birac er det fleire årsaker til dette. Han viser til at det er mange aktørar som er blanda inn og at rapporteringa først skal skje til grunneigar, som igjen skal gi fangsttala til Fylkesmannen. Til slutt vert tala frå dei ulike fylka levert inn til Statistisk sentralbyrå.

Ikkje krav om elektronisk rapportering Dersom elveeigarane har eit godt samarbeid samlar dei inn informasjonen og sender den vidare, men dette varierar veldig frå elv til elv. Det er mogeleg å levere tala via internett, men det vert ikkje stilt krav om elektronisk rapportering av fangsten. I fylgje Birac er det mange av dei som driv bedrift og leiger ut fiskerettar som ikkje brukar internett.

Når det gjeld sjølaksefisket skjer innrapporteringa gjennom fangstrapportar til Direktoratet for naturforvaltning.