Vegvesenet kan spre gyro
Vegvesenet kan stå bak spreiing av Gyrodactylus Salarislaksedød i elvane. Dette kan ha skjedd i samband med spyling av vegar og bruer, skriv bladet Vegen og Vi.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Statens vegvesen risikerer å bli skuldig i katastrofale feilgrep, seier kvalitetsrådgjevar Torolf Aune i Statens vegvesen til bladet Vegen og Vi. - Her blir vi rett og slett tatt på senga, seier biolog Bjørn Iuell ved miljøseksjonen i Vegdirektoratet til same avis. Vegvesenet brukar kvart år svært mykje vatn til å spyle vegar og bruer. Dette har skjedd utan at vegvesenet har undersøkt kvar dei hentar vatnet frå. No er det aukande mistanke om at vatnet kan ha vore henta frå elvar som har vore infiserte med lakseparasitten gyrodactilus salaris. - I dag sender vi ut brev til alle som utfører oppdrag for oss, om å unngå å hente vatn frå infiserte elvar, seier Johnsen. - Dette må vi gripe fatt i, seier assisterande vegdirektør Kjell Bjørvik. - Eg vil snarast ta kontakt med byggherre-ansvarlege, og be desse vurdere kva som kan gjerast for å hindre ein katastrofe, seier han.