
Veit ikkje om det er rømd oppdrettsfisk
Den siste tida har det kome inn meldingar om at det er observert oppdrettslaks i fleire elvar i Troms. Mattilsynet har no tatt tatt prøvar av fisken.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Mattilsynet har fått inn mange meldingar om at det er observert død oppdrettslaks i fleire elvar Midt-Troms. Det er no tatt prøvar av fisken, men det er for tidleg å sei om det er rømd oppdrettslaks som har gått opp i elvane.
I fleire media er det også konkludert med at fisken er smitta av ILA, men i fylgje Margareth Hals i Mattilsynet Midt-Troms er det for tidleg å trekke slike konklusjonar. -Vi veit ikkje heilt sikkert om den døde fisken som vert observert er oppdrettsfisk, kva omfang det er snakk om, eller kva som er dødsårsaka. Og her er det viktig å vente på resultatet frå prøvane. Dersom vi konkluderar for tidleg, kan vi oversjå andre årsakssamanhengar som krev heilt andre tiltak, seier Hals til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Uheldig situasjon Dersom det viser seg at den observerte fisken er oppdrettslaks som er smitta av ILA, har dette skjedd på ei svært uheldig tidspunkt sidan det er midt i vandringa til villfisken.
Mattilsynet samarbeidar med Veterinærinstituttet og Fylkesmannen om denne saka, og ein lokal veterinær har sendt inn prøvar av den døde fisken.