Fredd Wilsgård

Veksten bør komme i nord

Oppdrettarane i Troms og Finnmark vil ikkje finne seg i at ein skal stoppe ein marknadsmessig rett vekst fordi ein del område andre stader langs kysten har problem med lakselus. -Det betyr berre at veksten må komme i Troms og Finnmark, seier Fredd Wilsgård til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Avgjerda om å utsette vedtaket om MTB-vekst i laksenæringa til ein har fått bukt med problema med lakselus, skaper engasjement i næringa. Diskusjonen er knytt til i kva grad problem i nokre delar av landet skal medføre at ein ikkje kan ha vekst i område som ikkje slit med dei same problema.

Det er forståing for at ein bør få kontroll med luseproblema før ein aukar produksjonen i problemområda, men i fylgje Fredd Wilsgård i Wilsgård Fiskeoppdrett AS betyr ikkje dette at ein skal stoppe veksten i områder som ikkje har problem med lakselus, slik som i Troms og Finnmark. -Dersom ein frå myndigheitshald gjer det, kan ein verkeleg stille spørsmål ved prinsippa i frys-føreskrifta, der ein utelukka einskilde områder frå vekst i påvente av at dei skulle løyse utfrodringar knytt til sjukdom, seier Wilsgård.

Alternative vekstmodellar i nord Wilsgård meinar ein i det minste bør kunne auke produksjonen i Troms og Finnmark med 5 prosent slik utgangspunktet var då tidlegare Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen la fram planane for 2010 under Aqua Nor 2009. Eit anna alternativ er i fylgje Wilsgård at ein legg til rette for ein produksjonsauke på mellom 10 og 20 prosent i Troms og Finnmark for å kompensere for den veksten ein ikkje får i område med luseproblem. -Marknadsmessig er dette ein rett måte å gjere det på, og i tillegg viser ein at signalet om omkringliggande tilhøve knytt til miljø, fiskehelse og fiskevelferd vert tatt på alvor, seier Wilsgård til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Må prioritere problemløysing Informasjonssjef Are Kvistad i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining understreker at det aller viktigaste fokuset for oppdrettsbedriftene no er å handtere lusesituasjonen. Men han har forståing for at oppdrettarar i Troms og Finnmark som ikkje har problem med lus, vurderar situasjonen annleis. -Statsråd Lisbeth Berg Hansen vil vurdere korleis lusesituasjonen utviklar seg utover våren før det vert bestemt om den førespegla veksten på fem prosent skal utsettast eller ikkje. Eg kan forstå at oppdrettarar som ikkje har problem med lakselus kan oppleve det som inkonsekvent at ei eventuell utsetting også skal gjelde dei. Likevel håpar vi no at bedriftene prioriterar å gjere sitt for at ein skal få kontroll med luseproblema, så blir det eit politisk spørsmål om det skal opnast for vekst til våren eller ikkje, seier Kvistad til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.