
Vel blåst for Tromsø-studentane
Tromsø: Studentane frå Noregs Fiskerihøgskule med Mads Martinsen i spissen får mykje ros for gjennomføringa av årets Håp i Havet. Dei fekk sentrale næringsaktørar og politikarar til å møte opp og vere aktive både som hovudinnleiarar og under rekrutteringsforedraga.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit I går gjekk årets Håp i Havet av stabelen på Noregs Fiskerihøgskule og Universitetet i Tromsø og studentane klarde fint å innfri forventningane som programmet med det stjernespekka innleiarpanelet hadde gjeve deltakarane på konferansen på førehand. Lisbet Berg-Hansen hadde fokus på kompetanse Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen hadde fått æra av å opne konferansen og hennar viktigaste bodskap denne gongen var å motivere ungdommen til ei karriere i fiskeri- og havbruksnæringa. Ho gav dei litt av si eiga historie og innrømma at ho var litt misunnelig på studentane, før ho la tyngda på kor viktig det er for både næringa og for kysten at ein klarer å rekruttere folk med kompetanse. -Rekruttering og kompetanse er heilt avgjerande nøkkelfaktorar for at næringa skal ha ei framtid, sa statsråden til studentane og næringsaktørane i salen. Ho la også vekt på at fiskeri- og havbruksnæringa har behov for ulike typar kunnskap og nemnde spesielt at det er viktig å forstå andre kulturar og andre språk når ein skal ut i marknaden med produkta. Tema med stor breidde Elles fekk deltakarane på Håp i Havet høyre både om marin bioprospektering, næringa si situasjon etter finanskrisa, kva som skal til for å utvikle næringa vidare, sjømat og helse, oppdrett som ei livskraftig framtidsnæring, utfordringar i marknaden, situasjonen på Island og sist men ikkje minst mogelegheitene for utvikling av nye marine artar. Alle innleiarane hadde fått i oppdrag å snakke med utgangspunkt i kva dei ser av utfordringar og mogelegheiter på vegen vidare. Det handlar om skaparkraft Som avslutning på runda med innleiingar snakka Erna Solberg frå Høgre om næringsutvikling i nordområda. Her la ho stor vekt på at dette handlar om skaparkraft og stilte spørsmål ved korleis vi skal få til ei utvikling som kan bere det velferdsnivået vi har vidare. -Det er det som er den største utfordringa, sa Solberg til forsamlinga og framheva at vi er nøydde å finne rom til investeringar i forsking, innovasjon og infrastruktur. For å konkretisere bodskapen sin viste ho til at ein er nøydd å sikre at ein del av ungdommen i nord skaffar seg kompetanse i russisk språk og kultur dersom det er eit mål å betre samhandlinga med russarane. Ho var også opptatt av at ein må ha mange bein å stå på, men at det ikkje er politikarane si rolle å plukke ut kva næring som vil ha best suksess i framtida.
Ein brokete paneldebatt På same måte som med innleiarpanelet hadde studentane på Noregs Fiskerihøgskule klart å skaffe eit stjernespekka debattpanel med Erna Solberg og tidlegare fiskeri- og kystminister Helga Pedersen i spissen. I tillegg deltok Oddmund Åsen i Sparebank 1 Nord Noreg, Steianr Eliassen i Norfra, Trygve Myrvang i Noregs Råfisklag og Kurt Willy Oddekalv i Noregs Miljøvernforbund. Debattleiar var Bjørn Hansen som tidlegare har vore utanrikskorrespondent for NRK.
Men sjølv om studentane hadde samla fleire innleiarar med lang erfaring, var ikkje paneldebatten like vellukka som resten av konferansen. Hovudteamet for denne delen av programmet skulle vere næringsutvikling i nordområda, men det vart synsing om mangt og mykje. Dersom ein skulle dele ut skår til debattantane er det Trygve Myrvang i Noregs Råfisklag som toppar lista medan Kurt Willy Oddekalv hamna desidert nedst både i høve til tema og ikkje minst ordval. Myrvang heldt seg til sitt fagområde og framheva at ein treng ei samhandlingsreform på lik linje med det som no vert gjennomført innan helsesektoren. Han kopla det til behovet for kompetanse, at vi må tenke produksjon i Noreg og til at vi må ta grep ovanfor marknaden. For store sko For Oddekalv vart skoa litt for store samanlikna med resten av panelet. Han prøvde seg med å sei at kompetansen i forvaltninga og i sentrale forskingsinstitusjonar ikkje heldt mål, men vart raskt parert av Helga Pedersen som viste klart og tydelig at ho har kunnskap på dette området. Elles brukte Oddekalv omgrep som drit og skit om oppdrettsnæringa og oppdrettarane vart omtala som puddingar, før han til slutt kom fram til at han eigentleg ikkje var imot oppdrett. Med dette som utgangspunkt var det heller ikkje overraskande at studentane i salen ikkje hadde eit einaste spørsmål til Oddekalv.
Eit velmeinande råd Dersom ein skal kome med eit råd til dei studentane som skal ha ansvaret for Håp i Havet i 2011, vil det vere å gjere noko liknande som ved årets konferanse på alt utanom tema for paneldebatten. Ein bør stile høgt og ha flinke og kjende innleiarar, men når det gjeld tema bør ein kanskje nytte høvet til å få både politikarar, næringsaktørar og studentar til å tenke ilag om korleis ein skal sikre rekruttering og kompetanseheving i næringa og i distrikta. Med god planlegging kan deltakarar på Håp i Havet fungere som eit kreativt forum for korleis ein skal få dette til.

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen heldt opningsføredraget under årets Håp i Havet som vart arrangert ved Noregs Fiskerihøgskule/Universitetet i Tromsø i går.