Vellukka akvakulturkonferanse

Akvakulturkonferansen som verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) arrangerte i Bergen i førre veke, var svært vellukka, skriver Mattilsynet.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

-Konferansen tok opp dei sentrale problemstillingane knytt til forvaltning av akvatiske dyr i oppdrett si helse og velferd, og kom med gode og konkrete råd til både OIE og medlemslanda for det vidare arbeidet, fortel avdelingsdirektør i Mattilsynet, Keren Bar-Yaacov. Det var fyrste gong at OIE arrangerte ein global konferanse der tema var helse og velferd for fisk og andre akvatiske dyr i oppdrett. Rundt 150 delegatar frå 40 land var samla i Bergen tre dagar, der dei diskuterte og utveksla erfaringar. Betre overvaking og tettare samarbeid mellom aktørar og styresmakter var nokon av dei anbefalingane som konferansen munna ut med. - Ut frå dei mange positive tilbakemeldingane vi har fått, tyder det på at vi klarte å nå målet med auka fokus og styrking av forpliktingane vi har på dette området, seier Keren Bar-Yaacov.