
– Vellukka seminar om kultivering av villaks
I alt 22 deltakarar frå kultiveringsanlegg, veterinærstyresmakter og fiskeforvaltning var 22.september på dagseminar i Aurland for å utveksle erfaringar, teknologi og arbeidsmetodar med setjefisknæringa, skriver Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fylkeskommunen arrangerte i førre veke ei samling for dei som driv med kultivering av vill laks og aure i fylket.
I regi av AHA! (Arbeidsprogram for heilskapleg akvakulturforvaltning) har fylkeskommunen intensjon om å overføre kompetanse frå havbruksnæringa der stryking av stamsfisk, klekking av rogn og oppfostring av yngel har blitt profesjonalisert gjennom næringa si 40 år lange historie, slik at dei som driv viktig kultiveringsarbeid av laks og aure i elvar og vassdrag får ekstra påfyll av kunnskap og informasjon.
Tidlegare fiskeoppdrettar Ola Sveen var leigd inn for å gjennomføre samlinga. Han hadde lagt mykje arbeide i førebuingar, mellom anna gjennom å lage ein video film frå ti av elvane i fylket. Her fekk deltakarane eit innblikk i elvane sine ulike potensiale og utfordringar. I fylket har vi døme på lange elvar med roleg vassføring, korte elvar med høge fossar og regulerte elver med varierande vassføring. Desse variasjonane har utvikla ulik fysikk hjå fisken i dei ulike elvane; dei utfordringane naturen gir syner seg igjen i kroppsfasong og åtferd; seige, uthaldande, slanke eller kraftfulle.
I 1992 vart det innført eit generelt forbod mot alle fiskeutsettingar, og all form for kultivering må no ha eige løyve. I tillegg til at det er krav om bruk av stadeigen stamme er det også strenge krav til drifta. Ein må også gjere tiltak som sikrar god helse og velferd hjå fisken, og dette må kunne dokumenterast.
Før kultiveringstiltak vert sett i verk skal ein vurdere om det kan gjerast andre tiltak som kan betre tilhøva for fisken. Det kan vere å regulere vassføringa, auke skydd i elva for små fisk eller å skape gyteplasser der desse har blitt øydelagde av menneskeleg påverknad.
Seminaret vart godt motteke av deltakarane, og på direkte førespurnad frå deltakarane, lova marin fagkoordinator i fylkeskommunen Lena Søderholm og arrangere ein oppfølgjar av dette seminaret.