Dharma Rajeswaran

Vellykka fôrprosjekt så langt

Villa Organic samarbeidar med Nofima og Polarfeed for å finne fram til eit fôr som er tilpassa det kalde vatnet i Finnmark. Resultat frå første delen av prosjektet er veldig lovande.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Lakseoppdrettarane i Finnmark har generelt hatt problem med at laksen som vert slakta på hausten er veldig feit, medan den blir magrare ut på vinteren. Difor har Villa Organic gått inn i eit samarbeid med Nofima (tidlegare Akvaforsk) og fôrprodusenten Polarfeed i Øksfjord for å finne fram til eit fôr som er betre tilpassa sjøtemperaturane i Finnmark. Denne sommaren har laksen i forsøket fått fôr med lågare feittinnhald og eit høgare proteininnhald enn det som er vanleg, og resultatet så langt er veldig lovande. -Vi har ikkje samanlikna med kva som er normal vekst, men resultatet så langt er mindre sløyesvinn og mindre fett i fiskekjøtet, og det er jo eit av måla med prosjektet, seier Dharma Rajeswaran i Villa Organic til Norsk Fiskeppdrett/kyst.no. Hindrar at fisken brenne feitt Når temperaturane i sjøen går under fire grader startar selskapet med vinterfôret. Dette inneheld meir fett og litt mindre protein enn fôret som vert brukt om sommaren. -Teorien her er veldig enkel. Vi held til i arktisk sone og normalt vil fisken spare på feittet for å tåle kulda og dersom feittinnhaldet i vinterfôret er for lågt, vil fisken bruke protein som brennstoff. Ved å gi den feitare vinterfôr vil fisken bruke feitt som brennstoff og med det gi betre tilvekst i denne perioden, seier Dharma til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Resultatet frå første vinterfôring kjem til sommaren og prosjektet er planlagt avslutta når generasjonen skal slaktast ut i 2009. Godt samarbeid Det er Nofima som tek prøvane og gjennomfører alle testane av fisken, medan Polarfeed tilpassar fôret etter samarbeidspartane sine ønskjer. -Fordelen med Polarfeed er at dei utføre det vi ber om. Og i tillegg så er det er jo absolutt ikkje negativt at selskapet også er lokalisert i Finnmark, seier Dharma til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Lett å overføre til økologisk produksjon For Villa Organic er det eit mål å få heile produksjonen sin over på økologisk fôr, men laksen i dette forsøket er ikkje produsert økologisk. -Eg trur ikkje det blir eit problem å få til det same med økologisk produksjon. Feittprosenten og proteininnhaldet i fôret treng ikkje endrast sjølv om vi går heilt over på økologisk produksjon, seier Dharma til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.