Oppdrettstorsk i merd

Vellykked produksjon av steril oppdrettstorsk

I fjor vart omtrent 140 000 sterile oppdrettstorskar produsert ved Parisvatnet, Havforskingsinstituttet sin feltstasjon i Øygarden. Det er fyrste gong i verda at så mange sterile torskar er produsert på ein gong.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

No sym dei rundt i eit kommersielt anlegg i Gulen i Sogn og Fjordane, der vekst og andre produksjonsparametre skal målast under oppdrettstilhøve. - Alt i alt er resultata svært lovande så langt, og vidare prøvetaking fram mot slakting sommaren 2012 vil vise om steril torskeyngel kan bli framtida for torskeoppdrett, fortel Håkon Otterå, forskar ved Havforskingsinstituttet på instituttets egne hjemmesider.

Torskeoppdrettarar har hatt problem med mellom anna røming som kan føre til genetisk påverknad på villfisken dersom den rømte fisken gyt saman med den. I tillegg kan oppdrettstorsk gyte i merden slik at egga kan spreie seg i området rundt anlegget og på sikt føre til genetisk påverknad.

Positive resultat I løpet av prosjektet skal forskarane samanlikne om det er forskjellar på vekst, dødelegheit, deformitetar og kjønnsmodning mellom steril og vanleg oppdrettstorsk. Resultata frå ei prøvetaking som vart gjort i mai i år, er positive. - Ved denne prøvetakinga hadde fisken som då var litt over eitt år gamal, ei gjennomsnittleg vekt på 338 gram, den hadde nok vore endå større hadde det ikkje vore for den kalde vinteren. Nesten ingen fiskar med deformitetar vart observert, fortel Otterå.

.