Ventar enno på svaret
I romjula sende Mattilsynet brev til russiske myndigheiter med tiltaksplan og forslag til vidare samarbeid for å få løyste situasjonen med importforbod for fersk fisk frå Noreg. Men det er enno ikkje kome noko svar frå Russland.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Russiske myndigheiter sette sjølve fristen for å svare på brevet til 25 januar. Då det ikkje var kome noko svar den dagen, uttalte Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen til avisa Nordlys at ho håpa på eit svar innan veka var omme, men brevet frå russiske myndigheiter let vente på seg.
-Vi har ikkje høyrt noko enno, men ventar på eit svar for kvar dag som går, seier Informasjonsrådgivar Halvard Wensel i Fiskeri- og kystdepartementet til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Svaret vil først komme til Den norske ambassaden i Moskva men Mattilsynet og Fiskeri- og kystdepartementet vil få beskjed umiddelbart.