Ventar framleis på svar
Tromsø: - Vi ventar framleis, men russarane lovar heile tida at svar kjem snart, seier fiskeriminister Helga Pedersen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fiskeriminister Helga Pedersen kan ikkje anna enn å vidareformidle meldinga norske myndigheiter får frå sine russiske kolleger: - Svar kjem snart, sa Helga Pedersen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no då ho tidlegare i dag vitja studentkonferansen Hopp i havet i Tromsø. I midten av februar reiser ho til Russland for å ha samtalar om barentssamarbeidet og om laksesaka. Om det ligg føre noko svar frå russiske veterinærmyndigheiter før den tid kan ho ikkje svare på.