kristin Sæther

Ventar meir av ein regiondirektør i Fiskeri-direktoratet

Kristin Sæther i NSL er overraska over regiondirektør Hans Cato Haddal i Fiskeridirektoratet Vest sin påstand om at oppdrettarane underrapporterar rømmingar. -Eg klarer ikkje å sjå at han underbygger påstanden sin, seier Sæther.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit

Sist veke sa regiondirektør Hans Cato Haddal til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at det etter hans oppfatning må vere store mørketal når det gjeld rapportering av rømt oppdrettsfisk.

Han viser til at det er få innmelde rømmingar på same tid som det vert fangsta mykje rømd fisk som ein ikkje veit kvar kjem frå.

-Eg ser absolutt ingen grunn til å misstenke oppdrettarane for å ikkje melde frå om rømmingar når dette ikkje blir dokumentert på ein betre måte enn det som står på Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Eg hadde også venta at ein regiondirektør i Fiskeridirektoratet hadde meir dokumentasjon å halde seg til når han kjem med så alvorlege påstandar, seier havbruksansvarleg Kristin Sæther i Norske Sjømatbedrifters Landsforeining til Norsk Fiskeoppdertt/Kyst.no.