
Ventar på protokollen
Moskva: Ambassadør Øyvind Nordsletten i Moskva lovar at norske myndigheiter skal gjer alt dei kan for å sikre framtidig eksport av norsk fisk til Russland.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Under opninga av World Seafood 2006 i går var ambassadøren klar i talen da han sa at den vanskelege situasjonen med eksport av fisk til Russland har full prioritet frå norske myndigheiter si side. Russarane vil ha eit ord med i laget I fylgje Nordsletten er det klart at dei åtte eksportørane som har fått godkjenning for eksport av fersk laks og aure til Russland kan starte eksporten i nærmaste framtid. Når det gjeld nyhende som kom i går om at det også berre er desse åtte som får eksportere frosen fisk til Russland, seier Nordsletten at ambassaden er i kontakt med russiske veterinærmyndigheiter for å finne ut kva som har skjedd i denne saka. -Vi håpar dette kan bli som før, men russiske myndigheiter vil også vere med å bestemme, seier Nordsletten til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no Ventar på protokollen På lik linje med fiskeriråd Frode Nilsen i Moskva, vil Nordsletten vente med å vere for bestemt om kva som faktisk vert resultatet i høve til kven som får eksportere frosen laks og aure til Russland, før protokollen er underskreven av russiske veterinærmyndigheiter. - Avklaring kjem når protokollen er underskreven, og det er alt eg kan sei om denne saka, sa Nordsletten. Det har også vore spekulasjonar om kva som kjem til å skje med eksporten av vilfanga fisk til Russland, men på dette område verkar ambassadøren ganske så sikker i si sak, når han meinar at dette helst vil gå bra for dei norske eksportørane. - Eksporten av frosen sild og makrell kjem truleg til å gå som før, seier Nordsletten til Norsk Fiskeeksport/kyst.no