Troms

Ventar på resultatet

Oppdrettarane i Sør Troms ventar på resultatet frå høyringa i samband med Mattilsynet sitt forslag om å innføre ei storsone for å hindre spreiing av ILA i regionen. Men dei må vere tolmodige enno ei stund.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit For aktørane i Sør Troms kan den føreslåtte sona som til saman omfattar 14 kommunar medføre fullstendig stopp i drifta i ein periode. Dei er no spent på Mattilsynet sitt vedtak, og om innspela frå næringa vert tatt omsyn til. Må vente enno ei stund Innspela frå næringasaktørane vert no vurdert på Mattilsynet sitt regionkontor for Troms og Finnmark i Kautokeino. Men det vil enno gå ei stund før aktørane i Sør Troms får vite kor tid dei kan sette ut ny fisk i området. -Vi har fått inn rundt 50 innspel, så det er ein del materiale som skal sorterast før vi kan lage vår innstilling og sende den til Hovudkontoret, seier regiondirektør for Mattilsynet i Troms og Finnmark Tor Larsen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Men han framhevar at det handlar om veker og ikkje månadar før saka blir ferdig handsama. Lite truleg med ny høyringsrunde I seinare tid har ulike media spekulert i om det blir aktuelt med ny høyringsrunde, men i fylgje Larsen vil det berre skje dersom det endelege vedtaket medføre store endringar i høve til forslaget som vart sendt på Høyring. Han viser til at det er juristane på hovudkontoret som vil gjere slike vurderingar. I fylgje forvaltingslova og god forvaltingsskikk skal det, etter det Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no kjenner til, berre vere aktuelt med ny høyringsrunde dersom vedtaket medfører ytterlege restriksjonar for aktørane enn det som kom fram i det opphavlege forslaget.