
Verda rundt Kurt Oddekalv er korrupt
Rapportar som viser at tilhøva på havbotnen under eit oppdrettsanlegg er tilfredsstilande, kan i fylgje Kurt Oddekalv berre vere laga av korrupte forskarar. -Eg har jobba med forureining på havbotnen i mange år, og veit kva dette handlar om, så dei miljørapportane kan du berre ha for min del, seier Oddekalv.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Etter ei reportasje på TV2 der dei viser ein film som Oddekalv hevdar er bilete frå havbotnen under eit oppdrettsanlegg i Hardanger, har debatten om forureining frå oppdrettsanlegga blussa opp igjen.
Denne gongen er det Fiskeridirektør Liv Holmefjord som blir meld til politiet, men erfaringsvis er det få saker frå Oddekalv som kjem vidare i systemet. -Det skal eg fortelje deg grunnen til. Det er fordi politiet er kunnskapslause medan juristane, forskarane og dei tilsette i sjømatforvaltninga er korrupte, seier Kurt Oddekalv i Noregs Miljøvernforbund til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Må drive opplæring For å kome vidare med saker mot oppdrettsnæringa meinar Oddekalv at han har ein jobb å gjere i høve til å lære systemet kva som er forureining og korleis ting skal gjerast. -Når ein startar på eit nytt saksfelt tek det lang tid før nødvendig kompetanse på området er på plass. Politiet har enno ikkje forstått alvoret. Så langt er det berre ei av denne typen saker som har kome vidare i systemet, og det er rømming frå anlegget som Lisbeth Berg-Hansen er medeigar i. Men sjølv om rømming er det einaste politiet har brydd seg med, så slapp selskapet hennar unna, seier Oddekalv.
Han meinar det er heilt umogeleg å ta oppdrettsnæringa sidan aktørane har betalt seg ut slik at juristane er på næringa si side. -Så her er det all grunn til å få gjort ein grundig gjennomgang med heile forvaltningssystemet. Lovverket er også for svakt med altfor stort slingringsrom, framhevar Oddekalv.
Politiet finn ikkje lovbrot Oddekalv og Noregs Miljøvernforbund har meldt Sjøtroll Havbruk AS til politiet to gongar i år. I mars handla det om det som etter Oddekalv si meining var ulovleg utslepp på botn ved ein av Sjøtroll sine lokalitetar. Nokre månadar etterpå hevda han at det vart slept ut fiskeensilasje frå eit av selskapet sine anlegg på Osterøy. Politiet har lagt vekk begge sakene fordi dei meinar det ikkje har funne stad noko lovbrot, men i fylgje Oddekalv handlar det berre om manglande kompetanse i politiet. -Politiet fungerar ikkje når det gjeld oppdrettsaker, difor går eg ikkje lenger med akkurat desse saken, seier Kurt Oddekalv til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no
Vil lære opp systemet Oddekalv framhevar at når han tek opp ei sak som han meinar er lovbrot, så er det for å lære rettssystemet at dette er noko som må fylgjast opp. Han viser til eksempel når han har meldt søppelanlegg og notvaskeri til politiet for utslepp, og vunne fram. No er denne typen saker noko politiet sjølve føl opp. -Eg må lære politiet kva som er lovbrot, men enn så lenge så finst det ikkje eit lovverk som vernar havbotn mot forureining frå oppdrettsnæringa. Det finst heller ikkje eit lovverk som gjer det mogeleg å straffe næringsaktørane, men eg lovar å fortsette å melde både Sjøtroll Havbruk og andre selskap til politiet dersom dei gjere noko eg meinar er eit lovbrot, seier Oddekalv, og legg til at han er den personen i Noreg som har meldt flest selskap til politiet, og dersom nokon hevdar at han har oppnådd lite, så er det fordi dei fullstendig manglar perspektiv.
Trur ikkje på rapportar og forskarar Når det gjel MOM-undersøkingar som mellom anna omfattar krav om at godkjende firma skal undersøke lokaliteten både før, under og etter produksjon, så er ikkje dette eit system som Oddekalv har særleg tiltru til. -Dei rapportane kan du har for meg. Dei er laga av korrupte forskarar som eg absolutt ikkje har tillit til, seier Oddekalv.
Det han vurderar som eit godt grunnlag for å sei noko om tilhøva på botn under eit oppdrettsanlegg er Noregs Miljøvernforbund sin film som vart sendt på TV2 for nokre veker sidan. Her er det i fylgje Oddekalv filma under og rundt Bolaks sitt anlegg i Hardanger. -Eg har filma ved anlegget, og det er klart eg kan sei noko om tilhøva på botn under anlegget. Dei må berre bringe inn 50 forskarar for å studere tilhøva for min del. Når dei kjem med rapportar som seier at tilhøva er tilfredsstillande, så handlar det om korrupsjon. Havbotnundersøkingar stolar eg ikkje på, eg veit korleis det ser ut på havbotn, seier Oddekalv og legg til at også forvaltninga er korrumpert sidan vi har ein fiskeri- og kystminister som er lakseoppdrettar.