Bjørn simonsen

Verda vil ha meir torsk

Tromsø: Verda vil ha meir torsk, og det vil ikkje endre seg sjølv om økonomien er uroleg, men finanskrisa gjev oss ein del utfordringar som vi må takle, sa Bjørn Simonsen i Sponfish til deltakarane på torskefiskkonferansen i Tromsø i går.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit

Utfordringar i produksjonen Når det gjeld sjølve produksjonen framheva han at det er matfiskprodusentane som vil få det tøffast i tida som kjem. -Yngel og påvekstanlegga vil klare seg, men matfiskprodusentane må redusere måla sine og vil ikkje vekse så fort som venta, sa Simonsen. Men han trur også at det kan føre med seg noko positivt, og viste mellom anna til at aktørane får tid på seg til å skaffe seg meir kunnskapar. I denne situasjonen er det også viktig for dei som driv med torskeoppdrett at forvaltninga og politikarane handlar på ein slik måte at det er mogeleg å utvikle næringa vidare. -Vi må ha spelereglar som gjer at vi kan føle oss trygge, seier Simonsen og viser til diskusjonen rundt tilgangen på lokalitetar som har gått det siste året. Han framhevar at Noreg har hatt eit godt forvaltningsregime, og at det er viktig å halde på dette. -Politiske myndigheiter har bedd oss om å satse, og då er det viktig at ein tenkjer langsiktig, framheva Simonsen. Han viste også til at ein treng næringsretta tiltak og finansieringsordningar som kompenserar for den økonomiske situasjonen.

Tid for å satse på marknaden Simonsen trur tida no er inne for å intensivere innsatsen ute i marknaden, og på same måte som dei andre innleiarane på konferansen framheva han at torsken har eit føretrinn i fersksegmentet. Her meinar han oppdrettstorsken har ein sjanse til å klare seg spesielt godt ut frå at ein kan planlegge produksjonen og etablere faste leveringsavtalar.

Dei viktigaste oppgåvene i marknadsarbeidet framover vil vere å tilpasse produkta til moderne hushald, og lage alliansar. Han trur dei som driv med torskeoppdrett har ein del å lære av laksenæringa når det gjeld produktutvikling og i høve til å skaffe seg tilgang til nye marknadar, men det vil også vere viktig å samarbeide med resten av torskenæringa. -Marknaden er der, og vi har dei beste føresetnader for å utnytte det. Vi har kunnskapar og torsken er ein oppdrettsvenleg fisk, sa Simonsen.