sushibrett

Verdsrekord i sushi i Shanghai

Shanghai: I dag sette Eksportutvalet for fisk verdsrekord ved å lage verdas største sushimosaikk på Expo 2010 i Shanghai. –Vi gjer det fordi det er ein veldig god måte å synleggjere norsk sjømat på i Kina, seier marknadssjef Merete Kristiansen i EFF.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Som ein del av sjømatveka på den norske paviljongen på Expo 2010 har Eksportutvalet for fisk fått elevar og lærarar ved ein kokkeskule i Shanghai til å hjelpe seg med å lage verdas største sushimosaikk.

Så langt er det ein Indisk kokkeskule som har hatt rekorden for verdas største sushibrett med 5814 bitar. Den nye rekorden er laga med 8374 bitar og vil bli notert i Guinnes rekordbok.

Enorme køar Før dei kinesiske kokkeelevane kom ut frå kjøkkenet for å montere sushibrettet, var det forholdsvis roleg utanfor den norske paviljongen, men etter dei hadde jobba ei stund, gjekk køen plutselig rundt heile paviljongen. -Det er heilt tydelig at dette var populært, og publikum som står rundt oss her no er jo midt i målgruppa med tanke på norsk sjømat, seier Kristiansen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no

Ein omstendelig prosess Planlegginga på førehand og gjennomføring har vore arbeidskrevjande for å tilfredsstille regelverket når det gjeld guinnesrekordar. Og sidan det er eit krav i regelverket at sushibitane skal kunne etast etterpå, stiller også kinesiske matmyndigheiter strenge krav til gjennomføringa.

Det handlar om forbrødring Ola Reibo i Reibo Reklamebyrå har hatt ansvaret for utforminga av sushimosaikken og han har hatt samarbeidet mellom Noreg og Kina som utgangspunkt. -Det handlar om forbrødring, og sidan vi er i Kina har eg jo prøvd å tilpasse det med kinesisk design, seier Reibo, og legg til at det var kjekt å sjå kor flott mosaikken blei når den var ferdig montert.

Verden største sushibrett