Torjan Bodvin

Verifiserar gyteområde i indre delar av Storfjord

I fylgje prosjektleiar Torjan Bodvin stemmer informasjon om lokalisering av gyteaktivitet frå nokre fiskarar i Storfjord bra med Havforskingsinstituttet sine data i innerste del av Storfjord. Lenger ute og i Kåfjord samsvarar ikkje opplysningane.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Ved hjelp av ein metode for lokalisering og verdisetting av gyteplassar i fjordar med djupe tersklar, opne havbukter og sund, har Havforskingsinstituttet og prosjektleiar Torjan Bodvin gjennomført ei undersøking av torsken sitt gytemønster i Lyngen i Troms.

I undersøkinga vert resultatet samanlikna med Fiskeridirektoratet sine data som er framstilt på bakgrunn av intervju med nokre av fiskarane i fjorden. -Datamaterialet som vi har samla inn i Storfjord stemmer godt med Fiskeridirektoratet sine data i indre delar av Storfjorden, men i ytre områder finn vi ikkje resultat som kan verifisere at der er gyteområde, seier Bodvin til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Ny undersøking til våren For å sjå om det er forskjellar mellom ulike år, skal forskarane gjere nye undersøkinga til våren, og sjølv om Bodvin meinar metoden som er nytta gir gode resultat, framhevar han at den ikkje gir grunnlag for å fastslå absolutte sanningar om dokumentasjon på gyteområde for torsken, eller for genetisk påvising av oppdrettstorsk og villtorsk.

Praktisk gjennomføring På Havforskingsinstituttet sitt tokt vart det gjennomført eggtrekk på 75 stasjonar og totalt fekk ein påvist 1868 torskeegg. For å påvise egg gytt av oppdrettsfisk vart det gjennomført ei genetisk analyse. Totalt vart 1000 egg screena for DNA, men ein klarde berre å påvise genotypen for 76 torskeegg. I fylgje rapporten frå undersøking skal problemet løysast i neste runde ved at nygytte egg vert inkubert i nokre dagar slik at fleire av dei kan genotypast.

I rapporten vert det framheva at metoden er velegna til å lokalisere og verdiklassifisere gyteområder og at det er mogeleg å skilje egg frå oppdrettsfisk frå egg frå villfisk ved bruk av genetikk