Vernar fiskarane og ikkje torsken
I fylgje forskar Erik Berg ved Havforskningsinstituttet i Tromsø er ikkje vernetiltaka som Fiskeri- og kystdepartementet gjennomfører for å redde kysttorsken, strenge nok, skriv NRK.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Berg avviser ikkje at tiltaka kan ha effekt, men han trur ikkje at dei er strenge nok til å stoppe reduskjonen i bestanden. Både Fiskeridirektøren, Havforskningsinstituttet og Det internasjonale råd for havforskning har føreslått tiltak som er mykje strengare enn dei som vart vedtatt. - Til grunn for årets vern ligg både hensynet til at kystflåten skal kunne drive vidare og at ein skal verne bestanden . Det seier politisk rådgjevar Jorhill Andreassen i Fiskeri- og kystdepartementet.