Aqua Nor 2013 oversikt, haller

Vestlandsregionane godt representert på Aqua Nor

Aktørar frå sjømatnæringa i Møre og Romsdal og politikarar reiser til den internasjonale havbruksmessa Aqua Nor i Trondheim 18.-21. august for å profilere havbruksnæringa i lag med dei andre vestlandsfylka.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Møre og Romsdal, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane samarbeider om ein felles stand for Vestlandet og kan mellom anna by på sjømatbar med smaksprøver frå regionen. Patogen er ei av bedriftene som blir å treffe på Aqua Nor, melder Møre og Romsdal Fylkeskommune. 

Det er i alt fire bedrifter med tilhald i Møre og Romsdal som står på vestlandsstanden, og fylket er også godt representert på messa elles. Frå Møre og Romsdal fylkeskommune vil fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik samt Geir A. Stenseth og Line Karlsvik frå Regional og næringsutvalet vere tilstades.

Verd å merke seg:

• Offisiell opning av Aqua Nor, tysdag 18.08 kl. 10.00. • Offisiell opning av Vestlandet sin fellesstand, tysdag 18.08 kl. 13.00. • Uformell «get together» i den nye Mathallen, tysdag 18.08 kl. 19.00 - 22.00.

Les heile programmet for Aqua Nor 2015 her.