Lakselustelling, veterinær

Veterinærar tapar oppdrag etter rapportering

Akvaveterinærar har i fleire tilfelle mista oppdrag etter å ha rapportert om sjukdom eller mistanke om sjukdom i oppdrettsanlegg. Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Både i 2008 og 2009 har det skjedd at fiskehelseveterinærar først rapporterte om listeført sjukdom på oppdrettsfisk, eller at dei hadde mistanke om slik sjukdom, og som et resultat av rapporteringa mista dei oppdrag.

Leiaren i Akvaveterinærenes forening (AVF), Karianne Jakobsen, seier til NRK at slikt ikkje skal skje. Ho vedgår at foreininga har ein jobb å gjere, både overfor medlemmane og kundane deira.

Årsmøtesak Problemstillinga vart teken opp som eigen sak på årsmøtet i AVF i oktober i fjor, etter at det hadde dukka opp fleire ferske eksempel. På årsmøtet var det ein diskusjon rundt regelverk og yrkesetikk. Her var fiskehelseveterinærane samde om at det er stor trong for å få standardisert avtalane mellom fiskehelsetenester og oppdragsgjevarar. Difor jobbar no styret videre med denne problematikken saman med sekretariatet til Den Norske Veterinærforening.

Til årsmøtet var det også utarbeidd eit eige notat om saka. Her står det å lese at dyrehelsepersonell ofte vert sett under meir eller mindre uttalt press frå sine oppdragsgjevarar, for at dei skal "oversjå" teikn på sjukdom og tvilsam velferd.

- For anleggseier kan det både stå betydelige økonomiske verdier og renommè på spill. En ekstern fiskehelsetjeneste kan dessuten være mer eller mindre avhengig av inntekt fra slike oppdragsgivere for å ha grunnlag for sin drift.

Må ha integritet - Det skal ofte sterk faglig og personlig integritet til for å gjøre sin plikt overfor fisken og samfunnet under slike arbeidsforhold. Det er åpenbart at en oppdrettsbedrift ikke kan tvinges til å bruke en fiskehelsetjeneste de ikke ønsker, og inngåtte avtaler kan derfor avsluttes når som helst med den oppsigelsesfrist som framgår av avtalen, heiter det i notatet.

AVF meiner at dyrehelsepersonell som er tilsett av ein oppdrettsbedrift vil kunne møte minst like stort press i høve til fagleg vurdering og handling. Eit opplevd eller reellt trugsmål om at arbeidsforholdet vert sluttførd viss negative tilhøve vert påpeika, vil ikkje vere like sterk for ein som er tilsett, av di ein tilsett ikkje kan seiast opp utan saklig grunn.

Har meldeplikt Fiskehelsepersonell er pliktige til straks å melde frå til Mattilsynet om dei registrerer at meir fisk døyr utan at det er avklara kvifor, eller viss dei har mistanke om ein listeført sjukdom.

Akvaveterinærar NRK har vore i kontakt med, seier at problematikken er kjent. Og det er særleg veterinærar med få kundar som kan kjenne presset frå kundar.

Fiskeoppdrettar Ola Braanaas i Gulen seier til NRK at han har inntrykk av at problemert ikkje er spesielt utbreidd: - Er fisken sjuk, så skal den ha behandling, er reaksjonen frå Braanaas..

Akvaveterinærenes foreining jobbar no med ei presisering av regelverket, som tar føre seg kven som har meldeplikt, og når ein må melde frå. Tanken er at dette skrivet kan vere oppklarande når kontraktane med oppdrettarar blir inngått, fordi meldeplikta blir formulert på ein enklare måte enn i forskriftene.